Velferdsforeninga
Aker Solutions Stord

Tittelsnes

På Tittelsnes har me fire hytter. Tomta er på 23 mål med naust like ved innløpet til Ålfjorden. Hyttene har åtte og ti soveplassar.

Gode fiskeplassar i nærområdet. Det er ein båt m/motor til kvar av hyttene.

Det er ikkje redningsvestar og bensin til båtbruken.

Det er bilveg heilt fram til hyttene.

Detaljert informasjon om søknadsfristar, ledige dagar, utstyr, leigeprisar og bilete av hytta er publisert i Cabinweb.

Kart til hyttene på Tittelsnes

Praktisk info

Ein må betale med bankkort ved bestilling av hytter. Tildelinga vert utført i Cabinweb.

Brukarar loggar på i Cabinweb på https://app.cabinweb.no/no/login/company/kvaerner-stord, her er det tilgang til våre hyttepool.

Her må dei skrive inn sin mail og nytte «glemt passord» knappen første gong dei skal logge på. Dette er for å kunne sette nytt passord i henhold til sikkerhetspolicy.

Deretter kan dei logge på med brukarnamn (mail) og passord tilsendt på mailen.

A-hytta

Hytta har 7 sengeplassar, og er godt utstyrt.

Parkering like ovanfor hytta

B-hytta

Hytta har 7 sengeplassar, og er godt utstyrt.

Parkering like ovanfor hytta.

C-hytta

Hytta har 8 sengeplassar, og er godt utstyrt.

Parkering like ovanfor hytta.

D-hytta

Hytta har 10 sengeplassar, og er godt utstyrt.

Parkering like ovanfor hytta.