Velferdsforeninga
Aker Solutions Stord

Hovden

På Hovden har velferdsforeninga ei vertikaldelt dobbelt hytte, lokalisert i Otroåsen hyttefelt. Hytta ligg i eit område med fint turterreng og kort avstand til skiløyper, alpinsenter, golfbane og Hovden Badeland. Det er også gode moglegheiter for jakt og fiske i nærområdet.

Det er om lag 1 km gange til Hovden sentrum, der ein finn fleire butikkar med daglegvarer, sportsutstyr og suvenirar. I sentrum ligg det òg hotell med restaurantar og nattklubbar.

Det er bilveg heilt fram til hytta. Hytta har delvis nytt møblement og vart nymåla utvendig i 2022.

Detaljert informasjon om søknadsfristar, ledige dagar, utstyr, bilete og leigeprisar er tilgjengeleg i Cabinweb.

Kart til hytteområdet

hovden.com

Praktisk informasjon

Bestilling av hytter skjer via Cabinweb. Det må betalast med Visa eller Mastercard ved bestilling. Tildeling av hytter vert utført i Cabinweb.

Bestilling og innlogging i Cabinweb

Brukarar loggar på Cabinweb via lenka under.

Første gong du loggar inn, må du:

  1. skrive inn e-postadressa di
  2. klikke på «Glemt passord»
  3. sette nytt passord i tråd med sikkerheitspolicy.

Etter dette kan du logge inn med e-postadresse og passord.

Velferdsforeninga
Aker Solutions Stord

Velferdsforeninga jobbar for trivsel, aktivitet og fellesskap blant tilsette ved Aker Solutions Stord – og familien deira.
Kontakt oss
Facebook-side

Nettside av Wow Medialab