Velferdsforeninga
Aker Solutions Stord

Kværner maraton

Bli med på Sunnhordland Maraton 4. mai 2019!
I jubileumsåret 2019 har Kværner ambisjon om å stilla med minst 100 Kværner-medarbeidarar på startstreken på Sunnhordland Maraton, som går av stabelen laurdag 4. mai. Dei 100 første som melder seg på får gratis deltakaravgift og Kværner treningstrøye.
Fjorårets Sunnhordland Maraton vart ein folkefest, med kring 700 deltakarar og mykje liv i Leirvik sentrum. Kværner signerte i dag avtale med Stord friidrett om å gå inn som hovudsponsor av neste års arrangement, som er venta å få endå fleire påmelde enn i fjor.
Deltakarar kan velja mellom fire distansar: Maraton, halvmaraton, 10 km eller 5 km.
Verftsdirektør Steinar Røgenes og fagforeiningsleiarane Amram Hadida og Sigurd Sævareid har allereie meldt seg på, og oppmodar andre tilsette og medlemer til å gjera det same.
Utover vinteren vil det bli gitt tilbod om fellestrening, etter treningsopplegg frå Stord friidrett og toppidrettsutøvar Tom Erling Kårbø.
Dei 100 første som melder seg på får gratis deltakaravgift og ei Kværner treningstrøye.

Påmelding til: unni.gudmundsen@kvaerner.com