Velferdsforeninga
Aker Solutions Stord

Reglar for Nauste ( Felleshuset på Føyno)

Retningslinjer for Felleshuset (Naustet) på Føyno

Formålet med huset er å fremma velferdstilboda på Kværner Stord.  Felleshuset kan nyttast til møter, kurs og opplæring i kvardagen av fagforeiningane, avdelingar og leiing / kunde på Kværner Stord.  Passar for inntil 40 personar.

Leige prisane for desse formåla må avtalast og kan inkludere forpleiing, og likn. Utvask av gulv og toalett er inkludert. Bestilling og tildeling direkte v/ velferdssekretæren.

Utleige til selskap og samlingar

Utleige til medlemmer som skal ha konfirmasjon ( Egen punkt – frist tildeles 1.7. året før) Utleige til dåp, mindre bryllaup, fødselsdagar og liknande for medlemmar.

Leige av huset kan først skje etter skriftlig søknad. Søknaden skal innehalda kva huset skal nyttast til og kor mange personar som skal delta. Bestilling og tildeling direkte 8 månadar før leigeforhold. Ein må da betale kr 1000.- i depositum. Dette blir ikkje refudert ved avbestilling seinare enn 2 mnd før.

 

Ein kan få reservert inntil 2 hytter i lag med felleshuset før tildeling av hytter er utført i Cabin Web. Avbestilling seinare enn 14 dagar før fører til belasting av leige

Ved utleige av huset til konfirmasjon, må det føretakast trekning dersom fleire har søkt. Søknadsfristen er 30 juni året før. (sjå eige punkt for konfirmasjon) Trekning 1.Juli.

Ved fleire søkjarar til jul og nyttår vil fristen væra trekning 30. september og tildeling på trekning. Ein vil ha karantene på 1 år på tildeling i jul og nyttår.

Leigetider/prisar:

Vekedagar: Vekedagar så disponerer ein huset etter nærare avtale. Pris for medlemmar vekedagar er satt til kr 1600,- Pris for medlemsbedriftene Kværner og Frontica er kr 2000,- Pris for kundar er satt til kr 2500,- inkl. utvask.

Helg: Helgedøger er satt til fredag kl: 16:00 til laurdag kl 16:00 og laurdag 16:00 til søndag 16:00.

For medlemmar kostar eit helgedøger kr 2000,-, Skal ein leige huset ei heil helg, fredag 16:00 til søndag 16:00 så kostar det kr 2800,-

For medlemsbedriftene kostar eit helgedøger kr 2500,- og ei heil helg kostar kr 4000,-

Konfirmasjon: Konfirmasjonshelger er døgeret satt frå fredag 16:00 til laurdag 20:00 og frå laurdag 20:00 til søndag 21:00. Prisen er same som for helgedøger, utan utvask.

Leigetakar er ansvarleg for at huset er rydda, vaska og klargjort for neste leigetakar på oppgitte tidspunkt. Dersom dette ikkje er gjort så vil leigetakar bli belasta for ekstrakostnadar for dette, samt ekstra kostnadar/ulemper dette vil kunne medføra for neste leigetakar.

Huset blir ikkje leigt ut til selskap og festlege samlingar i skuleferiar og fellesferien. Dette er for å unngå konflikt med ferierande på hyttene. Huset kan då nyttast til felles tilbod for dei ferierande på hyttene.

Reglar:

Den eller dei som leiger er ansvarleg for at reglane/retningslinjene vert følgt og skal vera til stades under arrangementet.   Det vil bli førd tilsyn med at reglane vert følgt. Brot på reglane vil verta handsama i styret og vil kunne medføre at ein taper retten til vidare leige av huset. Leigetakar står økonomisk ansvarleg for skade/tap på hus eller inventar.

Ved grove brudd på ordensregler kan leigetakar bli utestengt for leie av Felleshuset og velferdshyttene til Kværner Stord i korte eller lengre periodar. Slike tilfelle skal handsamast av styret i Velferdsforeininga og fremmas av Hyttekomiteen i Velferdsforeininga

 

Stord 07.09.2016

Styret i Velferdsforeininga Kværner Stord